Rotary er ein internasjonal bevegelse som arbeider for internasjonal forståing, samhald og fred. Dette skjer gjennom eit verdsomspennande fellesskap av personer forente i idealet om å gagne andre.
Om Os Rotary Klubb:
Os Rotary Klubb blei stifta 14. mars 1977, og er ein klubb med lange og gode tradisjonar.
I klubben finn du ei unik samling av samfunnsengasjerte menneske med ulik yrkeskompetanse som deler etiske verdiar og ønsket om å gagne andre.
Vi har spennande foredragsholdarar på besøk i klubben kvar veke, og deltek i mange ulike lokale og internasjonale prosjekt.
Hovedprosjektet vårt er Ramsholmen, eit sjø- og helsesportsenter for alle, i skjærgården nær Halhjem i Os. Her kan besøkande oppleve vakker natur og gleda ved sjølivet. Klubben disponerer den spesialkonstruerte båten "Unik" for rullestolbrukarar som sørger for transport til og frå Ramsholmen.

Bilete frå Ramsholmen



