Rotary er ein internasjonal bevegelse som arbeider for internasjonal forståing, samhald og fred. Dette skjer gjennom eit verdsomspennande fellesskap av personer forente i idealet om å gagne andre.
Os Rotary Klubb er ein aktiv og inkluderande møteplass for engasjerte menneske i Os og Bjørnafjorden. Klubben er ein del av det internasjonale Rotary-nettverket og arbeider etter mottoet «Service Above Self» – å setja samfunnsteneste og fellesskap i sentrum. Gjennom interessante foredrag, lokale prosjekt og internasjonalt humanitært arbeid bidreg klubben til positiv utvikling både lokalt og globalt. Os Rotary Klubb legg vekt på vennskap, nettverksbygging og å skapa verdi for lokalsamfunnet gjennom frivillig innsats og samarbeid.
ovedprosjektet vårt er Ramsholmen, eit sjø- og helsesportsenter for alle, i skjærgården nær Halhjem i Os. Her kan besøkande oppleve vakker natur og gleda ved sjølivet. Klubben disponerer den spesialkonstruerte båten "Unik" for rullestolbrukarar som sørger for transport til og frå Ramsholmen.

Bilete frå Ramsholmen




