Os Rotary Klubb blei stifta 14. mars 1977, og er ein klubb med lange og gode tradisjonar.
Os Rotary Klubb sine medlemmar kjem frå mange ulike bedrifter og profesjonar.
I klubben finn du ei unik samling av samfunnsengasjerte menneske med ulik yrkeskompetanse som deler etiske verdiar og ønsket om å gagne andre.
Vi har spennande foredragsholdarar på besøk i klubben kvar veke, og deltek i mange ulike lokale og internasjonale prosjekt.
Hovedprosjektet vårt er Ramsholmen, eit sjø- og helsesportsenter for alle, i skjærgården nær Halhjem i Os. Her kan besøkande oppleve vakker natur og gleda ved sjølivet. Klubben disponerer den spesialkonstruerte båten "Unik" for rullestolbrukarar som sørger for transport til og frå Ramsholmen.
20. august 2023
Tradisjonen tru arrangerte Os Rotary, Os Røde Kors og BOF friluftsskule på Ramsholmen/Øvreeide Gard. På programmet stod blant anna livredning, orientering med kart og kompass, fisking, oppsett av telt og ikkje minst bading og mykje moro!
24. august 2022
Denne veka var Rotary invitert omvisning og foredrag på Øvreeide Gard, ein "inn på tunet" gard. Medlemmene fekk ei flott innføring i korleis dei jobbar på garden, spesielt innan demensomsorg
24. august 2022
Saman med Os Røde Kors arrangerer Os Rotary turar til Ramsholmen for dei eldre i Bjørnafjorden Kommune. Onsdag denne veka starta turene opp att etter sommerferien!
22. august 2022
Saman med Os Røde Kors og BOF arrangerte Os Rotary også i år Friluftsskule på Ramsholmen. På timeplanen stod opplæring i kajakkpadling, orientering, førstehjelp og ikke minst mykje tid til bading og leik!