KLUBBEN / OM KLUBBEN / VEDTEKTER  

VEDTEKTER FOR OS ROTARYKLUBB - er til revisjon i klubben. Forventa ei oppdatering 4. desember 2017.

Vedtekter i samråd med lover for Rotary International

1.Val av styre og leiarar.

1.1Klubben skal ha ein valkomité der avgåande president og dei to presidentane før han/ho er medlemer.

På eit vanleg møte, seinast 2(to) veker før årsmøte skal valkomiteen leggja fram:

  • Framlegg til visepresident og 3(tre) styremedlemer for komande år.
Vel komiteen å gjera framlegg om fleire kandidatar til dei nemnde verva, skal desse reknast som likeverdige ved valet og setjast opp i alfabetisk rekkefylgje.

1.2. Valkomiteen sitt framlegg vert lagt fram på årsmøte. Om valkomiteen legg fram forslag om fleire kandidatar enn minimumskravet, skal vala vera skriftlege jf. pkt. 5 nedanfor.

Valet skal skje på følgjande måte :

  • Fyrst vel ein visepresident for komande Rotaryår. Den som vert vald er då samstundes vald til president for året deretter. Den valde visepresidenten tek sete i styret og vert leiar for ein av hovudkomiteane, nemnt under pkt. 6.1 nedanfor.
  • Deretter vel ein 3 (tre) styremedlemar. Om det er gjort framlegg om fleire enn 3 (tre) kandidatar er dei som får flest røyster valde. Dei tre valde styremedlemmene vert samstundes leiar for ein av hovudkomiteane nemnt under pkt. 6.1. nedanfor etter presidenten sitt ynskje.
  • Utan eige framlegg frå valkomiteen, vel ein deretter 2 (to) vara-medlemmer til styret etter same reglar som nemnt ovanfor.

1.2.4. Ved like røystetal vert vala avgjorde ved loddtrekning.

1.3. Innan tre veker etter årsmøte, skal det nye styret koma saman og velja sekretær og kasserar. Ein eller begge av desse kan vera mellom dei styremedlemane som årsmøte har vald. Er dei ikkje mellom desse, skal dei ta sete i styret og ha same rettar og plikter som styret. Avgåande president vert automatisk medlem av styret.

2. Styret

2.1 Det styret som er vald på årsmøte, er saman med presidenten, sekretæren og kasserar ansvarleg for styringa av klubben frå neste Rotaryår

3. Leiarane sine plikter:

3.1. Presidenten

Presidenten skal leia klubbmøta og styremøta og elles gjera det arbeidet som til kvar tid ligg til dette vervet.

3.2. Visepresidenten.

Når presidenten ikkje kan møta, skal visepresidenten leia klubbmøta og styremøta.

3.3. Sekretæren

Sekretæren skal føra medlemsprotokollen og møteprotokollen, senda innkalling til møte i klubben. Vedkomande skal syta for at dei fastlagte rapportane til Rotary International og til distriktsguvernøren vert sende inn i rett tid. Likeins skal han syta for melding om endring i medlemstalet, senda frammøtestatistikk for klubbmøta til guvernøren like etter siste møte i månaden og elles gjera arbeidet som til vanleg ligg til dette vervet.

3.4. Kasseraren

Kasseraren skal ta vare på klubben sine pengar, føra rekneskap og leggja den fram årleg for klubben og når styret krev det jf. pkt. 8 nedanfor. Når kasseraren sluttar i vervet, skal vedkomande levera frå seg til klubben alle kontantar tilhøyrande klubben, evnt. bankkort og rekneskapsbøker og elles klubben sine eigne luter som har vore i kasseraren si varetekt.

4. Møte.

4.1 Årsmøte skal haldast på den fyrste ordinære møtedag i oktober månad, for å gjennomføra slike val som nemnt under pkt. 1.2., for godkjenning av årsmelding og rekneskap for føregåande år og for budsjett for inneverande år.

4.2. Klubben skal ha sine vanlege møte kvar måndag kl. 19.00. på Solstrand Hotel & Bad. Når det er grunn for det, kan styret endra stad, dag og klokkeslett for møte. Sekretæren skal varsla om eventuelle endringar.

Det skal ikkje vera møte på følgjande dagar:

  • i perioden primo juli til primo august,
  • måndag etter palmesundag,
  • andre påske- eller pinsdag,
  • 1. og 17. mai
  • jule og nyttårshelga når Solstrand Hotel og Bad har stengt.

4.3. Årsmøte og vanlege møter er vedtaksføre når 1⁄2 parten av medlemane er til stades.

4.4. Styremøte vert halde når presidenten finn det turvande eller etter oppmoding frå 2 styremedlemmer.

4.5. Styret er vedtaksfør når 1⁄2 parten av styremedlemane er til stades.

5. Røystemåte

Når det er fleire framlegg til val av verv i klubben, skal valet vera skriftleg jf. pkt. 2. Det same gjeld i saker der presidenten finn det turvande. Elles kan klubben avgjera saker ved handsopprekning. I desse sakene har møteleiaren dobbeltstemme i tilfelle det er like røystetal. Same regel gjeld for hovudkomiteane.

6. Komitear.

6.1. Med godkjenning av styret, nemner presidenten opp desse hovud-komiteane:

Komité for klubbteneste
Komité for medlemsskapteneste

Komité for samfunnsteneste
Komité for informasjon
Komité for internasjonalt samarbeid/TRF

Dei einskilde komiteane står fritt til å organisera sitt arbeid slik dei finn det tenleg for sine oppgåver.

6.2. Så langt råd er, bør det vera ein viss kontinuitet i komiteane, slik at ein eller fleire vert attvalde.

6.3. Presidenten kan møta i alle komiteane med same rettar som dei andre komité- medlemane.

6.4. Kvar komité` skal utføra dei oppgåver som er pålagde etter vedtektene eller etter særskilde vedtak i klubben eller som naturleg fell inn under komiteen og som er nedfelt i godkjente vedtak i samband med pkt. 6.5.

6.5. Ved byrjinga av Rotaryåret skal kvar komité leggja fram ein plan for det arbeidet som dei tek sikte på å gjennomføra i løpet av året. Det bør budsjetterast ei økonomisk ramme for nemnde plan.

6.6. Ved slutten av Rotaryåret skal kvar komité leggja fram ein rapport om arbeidet som komiteen har gjort og samhalda dette med planen jf. pkt. 6.5 .

7. Fritak for møteplikt.

Etter søknad kan styret frita eit medlem for møteplikta for eit bestemt tidsrom.

8. Økonomi

8.1. 8.2. 8.3.

Kasseraren skal forvalta klubben sine pengar i samråd med styret. Kontingent vert fastsett av årsmøte og skal innbetalast halvårleg. Rekneskapsåret følgjer Rotaryåret 1. juli – 30. juni.

9. Framgangsmåte ved val av nye medlemer.

9.1. Framlegg til nye medlemmar skal sendast skriftleg til komité for klubbteneste. Framlegget skal innehalda opplysningar om kandidaten som er relevante for å vurdera om vedkomande fyller kriteriet for rotarymedlemskap.

9.2. Framlegget skal vurderast av komiten eller eventuell underkomité. Om det ikkje er meir enn ei røyst mot framlegget om ein kandidat, skal framlegget reknast som tilrådd og innstillinga skal sendast styret.

9.3. Styret vurderer innstillinga og kan godta eller forkasta denne. Godkjent innstilling skal gjerast kjend for alle medlemene på eigna måte, med opplysning om at medlemmer som vil gå mot opptak etter framlegget, må gjera dette med skriftleg grunngjeving innan ein frist som styret fastset.

9.4. Når fristen er ute, vurderer styret dei innvendingane som måtte vera komne inn og røyster over framlegg. Er det ikkje meir enn ei røyst imot ein kandidat, skal vedkomande få tilbod om å verta medlem.

9.5 Tek kandidaten imot tilbodet om medlemsskap, skal presidenten syta for at medlemen blir introdusert i klubben og får opplysningsmateriell for nye medlemmer. Han skal og oppnemna eit medlem som skal hjelpa det nye medlemen til å bli kjent i klubben og tildela vedkomande eit klubbprosjekt eller ein klubbfunksjon.

10. Vedtak i klubben.

Klubben skal ikkje ta standpunkt til framlegg og resolusjonar som forpliktar klubben utan at saka har vore handsama i styret. Framlegg og resolusjonar som måtte verta framsette på klubbmøte, skal sendast over til styret utan meir ordskifte.

11. Møteorden.

Til vanleg skal møta fylgja slikt opplegg:

  • Møte vert opna
  • Gjester vert helsa
  • Meldingar, skriv og lag saker.
  • Det oppsette program for møte.
  • Møte vert avslutta kl.20.00.

12. Endringavvedtektene.

12.1. Desse vedtektene kan endrast på vanleg møte der minst 1⁄2 parten av medlemane er til stades . Alle endringane i vedtektene må ha 2/3 av røystene til dei frammøtte. Framlegg til endring må ver gjort kjent for medlemane minst 14 dagar før møtet.

12.2 Endringar i vedtektene må ikkje gjerast i strid med lovene for Rotary International. 12.3. desse vedtektene for Os Rotaryklubb skal gjelda med verknad frå 01.01.2017




Sosiale medier

Meeting info

Venue: Solstrand Hotel & Bad
Address: Solstrandvegen 200
Postal Code: 5200
City: Os
Country: NO
Day: Mandag
Time: 20:00:00
Language: no

Adventsavslutning i Mariakirken.
Dec 18, 2017, 8:00 PM

Denne kvelden prøver vi på samkjøring til Bergen ...

Styremøte
Jan 9, 2018, 7:00 PM

Agenda og møtestad kjem. Ansvarlig: President A ...

Read more



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...