Os Rotary Klubb, i samarbeid med Os Røde Kors,  arrangerer eldretreff på Ramsholmen i sommarhalvåret. 

Dette er eit tilbod både til eldre som bur heime, på instutisjon eller i eldreboliger. Os Røde Kors henter deltakarane heime og Båtførarar frå Os Rotary venter på Halhjem og kjører til Ramsholmen i båten Unik. som også er tilrettelagd for rullestolbrukarar. Vel framme på holmen vert det omvisning på anlegget for dei som ønskjer det samt matservering og kaffi. Ein ekstra båttur i skjærgården vert det gjerne også om veret tillet det.

Vi får svært gode tilbakemeldingar på desse treffa - fine, sosiale samlingar som blir sett pris på!

Dersom du eller nokon du kjenner ønsker å vera med på eldretreffa, kontakt:

Kontaktpersonar Os Røde Kors: Frøydis Østensen 90205318 eller Kristian Strønen 92459949.

Kontaktpersonar Os Rotary Klubb :Jostein Søfteland 97190570, Leo Corneliussen 48053016, Øystein Moberg 91127298 og Magnar Halhjem 91346904.